Langeland i Danmark

Langeland er ei dansk øy mellom Storebælt og Kielbukta. Øya har eit areal på 284 km² og eit folketal på om lag 14 000. Øya produserer korn, og er kjend som eit ferieområde.

Langeland
Geografi
Stad Mellom Fyn og Lolland
Koordinatar 55°00′N 10°50′E

Areal 285 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommune Langeland kommune
Største busetnad Rudkøbing

Demografi
Folketal 13 881 (2006)
Folketettleik 49 /km²

Rudkøbing er den største tettstaden på øya, og av andre tettstader finn ein Bagenkop, Lohals, Spodsbjerg, Tranekær og Tullebølle. Langeland er landfast med Fyn via ei bru frå Rudkøbing til Siø, og ei demning frå Siø til Tåsinge, som igjen er forbunde med Svendborg med ei bru. Det går òg bilferjer til Lolland, Ærø og Strynø.

Tidlegare gjekk det òg ei ferjerute mellom Bagenkop Sydlangeland og Kiel i den tyske delstaten Schleswig-Holstein. Denne vart nedlagt i 2003, etter fleire redningsforsøk. Ferjeruta var viktig for turistnæringa i området. Det økonomiske grunnlaget forsvann då den tollfrie handelen i EU tok slutt.

Øya var tidlegare delt inn i tre kommunar, men frå 2007 vart desse slått saman til Langeland kommune.