Langesundsfjorden

59°01′45″N 9°44′06″E / 59.0293°N 9.7351°E / 59.0293; 9.7351

Fjordsystemet i Grenland

Langesundsfjorden eller Breviksfjorden er eit fjordstykke mellom øyane Sandøya, Bjørkøya og Siktesøya i Porsgrunn kommune og fastlandet i Bamble kommune, begge i Telemark fylke. Fjordstykket strekkjer seg om lag 5 km frå sundet Langesund og inn til Brevik, der han deler seg i Frierfjorden og Eidangerfjorden. I mellomalderen var namnet på denne fjorden Grenmarr, etter folkeslaget grœnir ‘grener’, som heldt til her i Grenland / Grœnland, og marr, som er norrønt for hav eller sjø. Seinare, til langt ut på 1700-talet, vart heile strekninga frå Langesundgapet og opp til Skien kalla «Langesundfjorden».

Kjelder endre