Larco museum (offisielt Museo Arqueológico Rafael Larco Herrera) er eit privateigd museum for førkolumbisk kunst i Pueblo Libre i Lima i Peru. Museumet heldt til i ein bygning frå 1700-talet. Det har kronologiske galleri som gjev eit oversyn over 5000 år med peruansk historie før koloniseringa.

Larco museum

StadLima
Skipa1926
Kart
Larco museum
12°04′21″S 77°04′15″W / 12.072496°S 77.070862°W / -12.072496; -77.070862

Historie endre

 
Lagringsalleri

I 1925 overtok Rafael Larco Herrera ei samling vaser og andre arkeologiske gjenstandar frå svigerbroren sin, Alfredo Hoyle. Ho omfatta kring 600 keramiske gjenstandar. Hendinga vekka ein samlarentusiasme hjå sonen hans, Rafael Larco Hoyle. Kort tid etter etter gav Larco Herrera sonen sin ansvaret for samlinga, og ho utgjorde den fyrste samlinga av det som blei Rafael Larco Herrera-museet.

Same år fekk Larco Hoyle nokre råd frå onkelen sin, Victor Larco Herrera, ein grunnleggjar av det furste museet i Lima. Han oppfordra Larco Hoyle til å skipa eit nytt museum som kunne ta vare på alle dei arkeologiske relikviane som stadig blei funne ut i løynde utgravingar.

Larco Hoyle følgde rådet til onkelen, og skipa eit museum som ville halda fram arven etter faren. Han kjøpte to store samlingar: 8000 gjenstandar frå Roa og 6000 frå Carranza. Han kjøpte òg fleire små samlingar i Chicamadalar, Trujillo, Virú og Chimbote. På eit år hadde samlinga auka markant og det blei sett opp utstillingsmonter i eit lite hus på Chiclín-eigedommen. 28. juli 1926, på den peruanske sjølvstendedagen, opna museet for allmugen som Museo Arqueológico Rafael Larco Herrera.

Utstillingar endre

Permanente utstillingar endre

 
Moche-øyredobbar
 
Mochica-hovudplagg frå gull- og sølvgalleriet.

Museet har fleire permanente utstillingar. Gull- og sølvgalleriet er den største framsyninga av smykke brukt av fleire viktige herskarar i førkolumbiske Peru. Det omfattar ei samling kroner, øyredobbar, naseornament, klede, masker og vasar som kan vera fint utarbeidde i gull og dekorert med halvedelsteinar.

Galleri av førkolumbisk erotisk keramikk endre

 
Erotisk huaco-keramikk.

Dei gamle peruanske kulturane representerte dagleglivet sitt i keramikk, og dette galleriet har den største samlinga av erotisk keramikk i verda. Utstillinga med erotisk keramikk viser eit utval av arkeologiske gjenstandar som Rafael Larco Hoyle fann på 1960-talet, som del av forskinga hans på seksuelle representasjonar i peruansk førkolumbisk kunst. Han gav ut ei bok om dette emnet, Checan, i 1966.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Larco museum