Lars Fykerud (5. april 18601902) var ein spelemann frå Sauherad i Telemark. Han var rekna for ein av dei store stilskaparane i andre helvta av 1800-talet.

Lars Fykerud
Fødd5. april 1860
FødestadSauherad
Død19. august 1902 (42 år)
OpphavNoreg
Instrumentfiolin, fele
Verka somfelespelar, komponist

Barndom og læretid endre

Lars var son av spelemannen Hans Gunnarson Fykerud, seinare kalla gamle Hans Fykerud. Mora heitte Torbjørg Listveiten. Slekta kom frå Bø og Sauherad. Mora var god til å spela sjøfløyte, og det var rik folkemusikalsk arv i båe greiner av slekta. Både søster av Lars, Tora, og broren Hans Fykerud (Vesle-Hans), vart gode til å spela, sameleis yngstebroren Halvor, som døydde tidleg.

Lars spela fele alt då han var liten, og fekk gode høve til å spela medan han gjette buskapen for far sin. Han sa seinare at kyrne vart rolege av spelet hans. Han fekk og god rettleiding heime, og vart tidleg drivande god. Om somrane reiste huslyden til seters ved Gausta, og her møtte Lars spelemenn frå Tinn, først og fremst Knut Dale, som og var ven av far hans.

Lars voks opp i ei tid då streng pietisme var utbreidd i Telemark, og kyrkja ville at Lars skulle leggje bort fela, eller brenne han. Lars løyste dette på sitt eige vis, og hadde katekismen med seg i feleskrinet i framslengsåra, om folk vart nyfikne.

Han synte seg som spelemann første gong då han var kring tolv år gamal, og spela på Åmyrmarknaden ovanfor Rauland. Her vann han stor åtgaum og vart vel fagna for spelet sitt. Etter dette vart Lars etterspurd som spelemann, og reiste over heile Telemark på speling.

Ekteskap og turneverksemd endre

I 1883 vart Lars gift med Anne Halvorsdotter Tveitan frå Tinnegrend. Ho var ni år eldre enn han, men tok han av di han var slik ein gjev spelemann. Han fekk ei rundeleg medgift med i giftarmålet. Han hadde alt eit barn frå før, ei jente som vart fødd i 1881. Lars slog seg på forretningsdrift etter han vart gift, men var ikkje heldig med dette. Han var upraktisk med pengar, nett som Myllarguten før han. Attåt var han uvøren med alkohol, er det fortalt. Med Anne fekk Lars tre born: Johannes, Anne og Ingebjørg. Johannes vart og spelemann i si vende.

Lars reiste mykje til Kongsberg på marknaden der, og spela ofte i lag med broren Hans. Han reiste og ein del i Numedal, og ikring i sør-Noreg. Den første kappleiken vart halden i Bø i 1888, og Lars vann framfor Halvor Borgen og Erik Øverland. Premien den gong var ein pokal til 20 kroner.

Ferda til Amerika endre

Lars Fykerud reiste til Amerika i 1890, for å freiste lukka på same vis som Ola Mosafinn. Han reiste utan av kona og borna visste om det, og økonomien hans var ikkje god. Han gjorde stor lukke i Statane, og spela i New York, og i Chicago på sjølvaste 17. mai. Her tente han 4000 dollar. Han spela og i ei kyrkje i Milwaukee. Det hadde ikkje vore mogleg å spela i kyrkjer heime i Noreg på denne tida. Men han var ikkje styren med pengane sine no heller. Han tok og til å verte helsesvekka. Han låg lenge sjuk i nervefeber. Han møtte Knut Dale, som og var på spelferd i Amerika på denne tida, og dette møtet var hjarteleg. I 1894 var han helseknekt, og han hadde sløst bort mykje av inntekta si. Han laut spe på inntekta som hårklippar, og vart funnen på ein skjenegang i Nord-Dakota, rana for pengane sine. Då hadde han fått tuberkulose, og fekk hjelp til å koma heimatt til Noreg i 1898. På båten over dikta han den slåtten som seinare vart kalla Lars Fykeruds farvel til Amerika.

Hausten 1898 gjekk han i land i Kristiansand, men kom ikkje attende til Notodden før våren etter. Han reiste mykje dei siste åra. Helsa hans var låk no, og han spela ikkje så godt som før. Han døydde av tæring i 1902.

Spelestil endre

Då han vart vaksen, tok Lars til å byggje ut og brøyte om på gamle slåttar, og gav dei nye namn, ofte meir poetiske enn dei gamle. Han dikta og ei lang rekkje slåttar sjølv, mellom desse gangarane «Duft» og «Vårlengt».

Fykerud var kanskje ein av dei første som skjøna verdien av konsertspel, og valde å stå når han spela. Fram til då hadde spelemenn sete for å trampe takta. Han studerte fiolinspel og lyfte fela frå bringa og opp til haka etter mønster av Ole Bull. Denne stilen vart seinare teken opp av Olav Moe frå Valdres, av Eilev Smedal og seinare Kjetil Løndal. Far av Kjetil, Svein Løndal, var mykje i lag med Fykeruden, og lærte mykje av han. Venteleg finn ein stildrag etter han i spelet til Sjur Helgeland.

Lars Fykerud var og den første spelemannen som flytte fela frå bringa opp til haka, slik at han spela meir fiolinistisk. Han gjekk og føre med bruken av klassisk feleboge. Lars skjøna verdien av tonestykke, og spela ofte visetonar og improvisasjonar, i same stil som Ole Bull. Ein kan vel seia at Fykerud var ein føregangsmann for meir eksperimentell spelestil, og utvida hardingfelereportoaret til å omfatte meir enn tradisjonelle danseslåttar og lydarslåttar.