Lars Løkke Rasmussen

dansk politikar

Lars Løkke Rasmussen (fødd 15. mai 1964) er ein dansk jurist og politikar frå Vejle.[1] Rasmussen er tidlegare partileiar for partiet Venstre, og har vore statsminister i Danmark i to periodar, frå 5. april 2009 til 3. oktober 2011, og i perioden frå 28. juni 2015 til 27. juli 2019. Rasmussen skipa saman eit nytt parti, Moderaterne, og har sidan 5. juni 2022 vore partileiar for dette partiet.[2][3]

Lars Løkke Rasmussen

Fødd15. mai 1964 (59 år)
Vejle
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiVenstre i Danmark (1. januar 2021), ingen (1. januar 2021; 18. mai 2022)
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
EktefelleSólrun Løkke Rasmussen
BarnBergur Løkke Rasmussen
Alle verv
  • Danske statsministrar (2009–2011)
  • Danmarks finansminister (2007–2009)
  • Danmarks innenriksminister (2001–2007)
  • Danmarks helseminister (2001–2007)
  • formann i Venstres Ungdom (1986–1989)
  • folketingsmedlem (1994–)
  • Danske statsministrar (2015–2019)
  • folketingsmedlem (2015–)
  • folketingsmedlem
  • folketingsmedlem
  • folketingsmedlem
  • folketingsmedlem
  • folketingsmedlem
  • folketingsmedlem (–2021)
  • Chairman of Venstre (2009–2019)
  • folketingsmedlem (2021–)
  • dansk amtsborgmester (Frederiksborg amt, 1998–2001)
  • folketingsmedlem
  • Danmarks utenriksminister (2022–) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn endre

Rasmussen studerte ved universitetet i København der han tok ein Cand.jur.[4]

Rasmussen er gift med Sólrun Jákupsdóttir Løkke Rasmussen frå Færøyane, og saman har dei eit barn.

Kjelder endre

  1. Lauritsen, Vibeke; Allkunne (20. oktober 2022). «Lars Løkke Rasmussen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. NRK (5. juni 2022), «Løkke Rasmussen valgt til leder for nytt parti», NRK (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2022 
  3. «Lars Løkke Rasmussen | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 31. oktober 2022 
  4. Biografiredaktionen. «Lars Løkke Rasmussen (M)» (på dansk). Folketinget.no. Arkivert frå originalen 24. september 2022. Henta 31. oktober 2022. 
  Denne Danmarkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.