Lars Peder Brekk

norsk politikar

Lars Peder Brekk (fødd 8. oktober 1955) er ein norsk embetsmann og tidlegare politikar. Han var fyrste nestleiar i Senterpartiet og landbruks- og matministeren i regjeringa Stoltenberg II. Brekk var fiskeriminister i Sentrumsregjeringa. Han kjem opphavleg frå Vikna kommune i Nord-Trøndelag fylke, der han var ordførar frå 1992 til 1997 og varaordførar fram til 1999.

Lars Peder Brekk

Fødd8. oktober 1955 (68 år)
Vikna
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, fotballspelar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Frå 2013 er han direktør ved Brønnøysundregistra.[1]

Han er utdanna cand.oecon. frå Universitetet i Oslo, 1982. Brekk er fiskar, men har også drive med jakt. Han eig eit fiskevêr og starta yrkeskarrieren sin i Norges Fiskarlag. Han har også hatt ei rekkje styreverv i fiskeriverksemder og vore dagleg leiar i Innovasjon Rørvik A/S. Han var personleg sekretær i Fiskeridepartementet i 1985. Etter å ha vore vararepresentant i periodane frå 1989 til 1997 og 2001 til 2005, vart han innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag i 2005.

Brekk har også tidlegare vore nestleiar i Senterpartiet, då i perioden 1993–1997. I dag driv han ei eiga verksemd innan næringsutvikling i heimkommunen Vikna. Han har vore leiar av Stortingets næringskomité. Frå hausten 2007 til juni 2008 var han parlamentarisk leiar for Senterpartiet. Og frå 19. juni 2008 til 12. september 2008 var Lars Peder Brekk fungerande partileiar for Senterpartiet etter Åslaug Haga sin avgang. 20. juni 2008 vart han utnemnd til ny landbruks- og matminister i Stoltenberg-regjeringa. Han gjekk ut av regjeringa 18. juni 2012.

Kjelder endre