Lars von Trier (fødd 30. april 1956) er ein dansk filmregissør og manuskriptforfattar som er fødd i København og utdanna frå instruktørlina på Den Danske Filmskole i København i åra 1979 til 1983 som ein av dei yngste elevane skulen har hatt. Han heitte opphavleg Lars Trier, men tok med adelsnemninga «von» som eit spøkefullt svar på at ein av lærarane på filmskulen hadde karakterisert han som aristokratisk i sitt filmsyn.

Lars von Trier

Lars von Trier i 2011
Foto: Georges Biard
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 30. april 1956 (67 år)
Kongens Lyngby
Yrke filmregissør, manusforfattar, filmprodusent, filmfotograf, regissør
Språk spansk, engelsk, tysk, dansk
Religion ateisme
Far Fritz Michael Hartmann
Ektefelle Cæcilia Holbek Trier
Lars von Trier på Commons

Lars von Triers filmar var frå byrjinga prega av vilje til å eksperimentere med filmen som medium ved å nytte eit slags hypnotisk biletspråk. Dette var allereie å sjå i avgangsfilmen frå filmskulen, Befrielsesbilleder, og var utvikla vidare i hans Europa-trilogi og i fjernsynsseriane Riget.

Lars von Trier og Thomas Vinterberg skipa i 1995 eit dansk kollektiv av filmregissørar som kalla seg Dogme95, som skulle stå fram som ei motkraft til kommersialiseringa av spelefilmen og den store interessa for spektakulære effektar i filmane som fylgde med kommersialiseringa. Målet med Dogme95 og dei såkalla dogmefilmane var å setje soga og skodespelet i framgrunnen i filmen, i motsetnad til sjølve mediet. Difor formulerte Lars von Trier og Thomas Vinterberg ti «reinleikslovnader» ("The Vow of Chastity") for Dogme95. Etter desse lovnadene skulle mellom anna opptaka gjerast på den aktuelle staden, utan at det av omsyn til filmen vart plassert kulissar eller andre rekvisita der; filmen skulle gå føre seg her og no og ikkje innehalde overflatiske og overnaturlege handlingar; det skulle ikkje leggjast ljod på filmen som ikkje var med når opptaka vart gjort; det skulle ikkje nyttast særskild ljossetting, men det kunne nyttast ei lampe festa til kameraet dersom ljoset var for dårleg for filming; optiske filter skulle ikkje nyttast; kameraet skulle haldast i handa; regissøren skulle ikkje krediterast.

Ideane om dogmefilmar vart introdusert under filmfestivalen i Cannes i 1995. Den fyrste dogmefilmen var Thomas Vinterbergs Festen (1998), og deretter fylgde Lars von Triers Idioterne.

Filmar endre

  • Hvorfor Flygte Fra Det Du Ved Du Ikke Kan Flygte Fra (1970)
  • Hemmelig sommer (1971), hovudrolle i TV-serie av Thomas Winding
  • Orchidégartneren (1977), ein eksperimentalfilm laust basert på Triers romanmanuskript Eliza og produsert av Filmgruppe 16.
  • Menthe - la bienheureuse (1979), enda ein Filmgruppe 16-film. Manuskript fritt etter romanen O's historie.
  • Nocturne (1980), filmskolefilm.
  • Den sidste detalje (1981), filmskolefilm.
  • Befrielsesbilleder (1982), avgangsfilm frå Den Danske Filmskole.
  • Forbrydelsens element (1984), 1. film i Europa-trilogien, vann den tekniske pris på filmfestivalen i Cannes.
  • Epidemic (1988), 2. film i Europa-trilogien
  • Europa (1991), 3. film i Europa-trilogien
  • Breaking the Waves (1996), 1. film i Guldhjerte-trilogien. Filmen vann Amandaprisen for beste nordiske kinofilm i 1996.
  • Idioterne (1998), 2. film i Guldhjerte-trilogien
  • Dancer in the Dark (2000), 3. film i Guldhjerte-trilogien
  • Dogville (2003), 1. film i trilogien USA—Land of Opportunities
  • De fem benspænd (2003) saman med Jørgen Leth
  • Manderlay (2005), 2. film i trilogien USA—Land of Opportunities
  • It's a Jungle Down There (2005) "Klovn"-episode (berre manuskript)
  • Direktøren for det hele (2006)
  • De unge år: Erik Nietzsche sagaen del 1 (2007) (berre manuskript)
  • Antichrist (2009)
  • Melancholia (2011)
  • Nymphomaniac (2013)
  • Nymphomaniac Director's Cut (2014)
  • The House That Jack Built (2018)

Fjernsynsseriar endre

  • Medea (1988)
  • Riget (1994)
  • Riget II (1997). Seriane Riget vart regissert saman med Morten Arnfred. Riget går føre seg på Rigshospitalet i København og handlar om sjukehuset.
  • D-dag (2000)

Prisar og utmerkingar (utval) endre

Kjelder endre

  1. «Modtagere af hædersydelse» (på dansk). Kunst.dk. Henta 16. september 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

Lars von Trier hjå Det Danske Filminstitut