Lassi Parkkinen

finsk skeiseløpar

Lauri Rikhard Parkkinen (8. mai 19173. oktober 1994), kjend som Lassi Parkkinen, var ein finsk skeiseløpar frå Varkaus. Han vart verdsmeister i 1947 og vart nummer to på 10 000 meter under Vinter-OL 1948, og i skeise-VM 1952.

Lassi Parkkinen

Statsborgarskap Finland
Fødd 8. mai 1917
Varkaus
Død

3. oktober 1994 (77 år)
Esbo

Yrke skøyteløpar, boballspiller
Høgd 178 centimeter
Lassi Parkkinen på Commons

Parkkinen deltok i verdsmeisterskapen på skeiser både i 1938 og -39, utan å utmerke seg. Ved VM 1947 i Oslo viste han seg derimot som den jamnaste deltakaren, og vann laurbærkransen framom norske Sverre Farstad. Under dei olympiske vinterleikane 1948 i St. Moritz vart han fjerdemann på 1500 meter, før han sikra seg sølvmedaljen på 10 000 meter.

Under Vinter-OL 1952 i Oslo gjorde Parkkinen sitt beste løp på 1500 m, der han enda på sjetteplassen. Ei veke etter Oslo-leikane var over, tok han andreplassen etter Hjalmar Andersen då verdsmeisterskapen gjekk av stabelen fyrste helga i mars.

Parkkinen vart finsk meister fem gongar; 1941, 1943, 1944, 1946 og 1952. Han deltok internasjonalt til 1953.

Kjelder endre