Eit lasteskip er eit skip som er konstruert for å transportere tørrlast over havet. Teknisk sett er tankskip lastebåtar òg, men ein ser på dei helst som ei eiga klasse som fraktar flytande last.

Det norske bulkgodsskipet «Berge Athene» på 225 000 dvt.

Ein gjer skil på bulkgodsskip og containerskip. Bulkgods, er gods som ikkje er innpakka, og som vert oppbevart i lasterom i skroget. På dekk er det luker som kan opnast når ein ved hjelp av ei kran skal laste/losse varer. Containerskip er lasteskip som oppbevarer godset i containerar som er stabla tett saman på skipsdekket.

Eit lasteskip kan gå i linjefart eller trampfart. Linjefart vil seie at båten går i fast rute med same frakt mellom to eller fleire bestemte hamnar. Trampfart vil seie at båten transporterer den frakt som som vert tilbydd til høgast pris som vert tilbydd på spotmarknaden.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.