Latinarkvarteret i Paris i Frankrike, fransk: Quartier latin, er eit strok på venstre breidda av elva Seinen, i det femte arrondissementet og nord og aust i det sjette arrondissementet, med universitetsbygningen la Sorbonne som historisk sentrum. Namnet på stroket har sin bakgrunn i at det viktige og vidgjetne universitets- og skulemiljøet i dette området i mellomalderen nytta latin som det einaste godtekne undervisningsspråket. Fleire universitet og høgskular ligg i Latinarkvarteret den dag idag.

Sorbonne i gata rue de la Sorbonne på byrjinga av 1900-talet. Målarstykke av Paul-Joseph-Victor Dargaud (1850-1921)

Latinarkvarteret er eit av dei mange kvartera i Paris som ikkje er administrative einingar innanfor arrondissementa dei ligg i, og grensene for stroket er ikkje klart definerte. Mykje av stroket ligg på det låge høgdedraget Montagne Sainte-Geneviève.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Latinarkvarteret