Lauffen am Neckar-ulukka

Lauffen am Neckar-ulukka fann stad 20. juni 1959 i Lauffen am Neckar i Vest-Tyskland då ein buss kolliderte med eit ekspresstog på ein planovergang og 45 personar omkom. På den tida var det den verste bussulukka sidan den andre verdskrigen.

Lauffen am Neckar-ulukka

Dato 20. juni 1959
Ulukkesstad Planovergang nr. 47 i Lauffen am Neckar i Baden-Württemberg i Vest-Tyskland (no Tyskland)
Omkomne 45

Bussen, som berre var godkjend for å ha 52 passasjerar, hadde 72 passasjerar denne dagen. 37 personar, inkludert bussjåføren, døydde i kollisjonen og i løpet av det neste døgnet. Åtte andre døydde dei neste vekene. 25 andre passasjerar i bussen overlevde, men vart alvorleg skada.

Kjelder endre

  Denne transportartikkelen som har med Tyskland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.