Laurits Weidemann

amtmann og eidsvollsmann

Lauritz Weidemann (27. november 17751. august 1856) var ein norsk politikar og embetsmann.

Laurits Weidemann

Laurits Weidemann måla av Matthias Stoltenberg.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. november 1775
Østre Toten kommune
Død

1. august 1856 (80 år)
Stenberg

Yrke stortingsrepresentant, Fylkesmann, sorenskrivar
Språk norsk
Laurits Weidemann på Commons

Familie endre

Lauritz Weidemann var fødd på Sukkestad på Toten som son av Lars Christophersen Weidemann, fut i Nedenes futedømme, og Marie Sommerfelt. Weidemann vart 16. desember 1797 gift med Ditlevine Marie Qvist (1774-1866) frå Sandstø ved Arendal. Dei fekk ti born, av dei døydde fire som små. Døtrene til Weidemanns vart aldri gifte, etter tradisjonen fordi faren ikkje kunne godta nokon av ektefellekandidatane. Dette er nok bakgrunnen for den lokale tradisjonen om at familien inspirerte Camilla Collett til å skrive Amtmandens Døttre. Ein av brørne til Laurits Weidemann var Christopher Christian Weidemann.

Weidemann døydde på Stenberg i Vestre Toten.

Embetsmannen endre

Lauritz Weidemann vart student i 1790 og oppnådde graden cand. juris i 1793. Han vart byfogd, byskrivar m.m i Risør i 1797, sorenskrivar over Søndre Sunnmøre 12. desember 1798 og sorenskrivar over Toten, Biri og Vardal 1. oktober 1802. 3. februar 1817 vart han amtmann i Hedemarkens amt; i Kristians amt frå 23. august 1821. Dette siste embetet heldt han i 30 år, til 1851, og han vart då òg kjent som Amtmann Weidemann. Han var medlem av Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab.

Politikaren endre

I 1814 var han medlem av RiksforsamlingaEidsvoll, der han slutta seg til det Falsenske parti. Weidemann skreiv òg eit grunnlovsutkast. I 1814 vart han stortingsmann, og han skulle sitja der i periodane 1814-1816, 1827, 1828, 1836, 1837 og 1839. Weidemann var i perioden 1815-1818 medlem av lovkomiteen, 1818-1822 formann i hovedmatrikuleringskommisjonen, av kommisjonane 1814-1823 andsynes anlegg av ein kjøpstad på Opplanda. I 1815-1816 var han president i Odelstinget, visepresident i Stortinget, sekretær i Stortinget og medlem av ei rekkje komitear. I 1827 var han stortingspresident og i 1836 president i lagtinget. Han var medlem av aksjonskomiteen under riksretten 1815-1816 og medlem av riksretten i 1836.

Amtmannsgarden Stenberg endre

 
Amtmannsgarden Stenberg fotografert i 1943.
Foto: Halvor Vreim / Riksantikvaren

I 1804 kjøpte han garden Stenberg, som onkelen, sorenskrivar Fredrik Sommerfeldt, hadde byrja å byggje opp som embetsgard i 1791. Weidemann fekk oppført fleire nye hus på garden, og han bygde om hagen til ein park i engelsk landskapsstil. På garden oppretta han òg ein privat gravstad til seg og familien sin. Eigedomen kom i 1934 i Toten Eiget til museum og er no er ein del av Mjøsmuseet.

Utmerkingar endre

Weidemann vart kommandør av St. Olavs Orden i 1851. Han var òg kommandør av Vasaordenen og riddar av Nordstjerneordenen.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  • Amundgård, Arne: Om familiegravstedet på Stenberg, i årboka Totn 1995, s. 42-49.
  • Bruun, Magne: Norske hagar gjennom tusen år, Oslo 2007.
  • Hårstadsveen, Rune: «1802-1902. 100 år med Weidemann på Stenberg», i årboka Totn 2002, s. 24-55.
  • Fløystad, Ingeborg: Kongens myndighetsområde. En studie i fire grunnlovsutkast. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Bergen 1967.
  • Fløystad, Ingeborg: Sorenskriver Lauritz Weidemanns grunnlovsutkast i 1814, i årboka Totn 1988, s. 11-21.
  • Mannsåker, Dagfinn: Lauritz Weidemann. Biografi i Norsk biografisk leksikon I, Oslo 1977.
  • Mannsåker, Dagfinn og Sætra, Gustav: Lauritz Weidemann. Biografi i Norsk biografisk leksikon II, Oslo 2005.
  • Midthaug, Leif: Lauritz Weidemann, biografi i Totens bygdebok II, s. 353-354.
  • Sørheim, Ingeborg: Stenbergparken. Ein dansk-norsk embetsmannshage, 1750-1850. Masteroppgåve i kunsthistorie, Universitetet i Oslo 2007.