Lausøyre er gods som ikkje er fast eigedom. Lausøyre kan derfor til dømes vera ting som høyrer til heimen; som syklar, treningsutstyr eller verktøy. Sikring av rettar i lausøyre kan skje ved at desse vert registrerte (å tinglysa) i Lausøreregisteret. Dette skjer på den måten at rettar og heftingar vert registrerte på den fysiske eller juridiske personen som har eigedomsretten til tingen. Pantsetjing av lausøyre vil normalt berre vera mogleg ved overlevering (handpant), men nokre unntak gjeld frå dette. Mellom anna kan nokre former for lausøyre ein kan registrera i eit realregister, kunne verta sett i pant ved at panteretten vert registrert på bladet til eigendelen i dette registeret. Slike register, som fungerer omtrent som ved tinglysing av fast eigedom, finst i Noreg for skip, skip under bygging og luftfartøy. Nokre andre former for lausøyre kan verta pantsette saman med den faste eigedomen de er knytte til, mellom anna gjeld dette driftstilbehør av ymse slag. Eit tredje unntak frå hovudregelen om overlevering er reglane om salspant.

Sykkel er døme på lausøyre

Kjøpsloven av 1988 gjeld omsetjing av lausøyre.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre