Ei lauvfellande plante er i botanikken ei plante som i ein periode av året feller blada sine og går inn i ei kviletilstand. På norske breiddegrader skjer dette om hausten. Lauvfelling er ei tilpassing til økologiske tihøve der risikoen for energitap og uttørking overstig føremonane som ligg i å oppretthalde blada med fotosyntese. Lauvfellande planter skil seg frå eviggrøne planter som har blad året rundt.

Eiketre fotografert på vinteren utan lauv.

Årsakene til at ei plante feller blada kan vere ulike:

  • Vassparing. Ein hel del vatn dunstar bort gjennom blada. Å felle blada, til dømes før ein tørkeperiode, er ein måte for planta å redusere slikt tap av vatn.
  • Energisparing. I vinterhalvåret då tilgangen på sollys er mindre kan planta felle sine blad for å spare energi. I svakt lys kan ei plante avgi meir koldioksid gjennom andinga enn den tar opp gjennom fotosyntesen.
  • Kuldevern. Blada på somme artar kan bli skadd av kulde og blir blada skadde kan desse utsettast for parasittangrep.

Vinter med frosen jord inneber at vatn ikkje er tilgjengeleg for plantene, slik at vinteren i praksis er en tørkeperiode. Dette tyder at planter kan vere lauvfellande i varme og kalde strok av samme årsak, mangel på tilgjengeleg vatn.

Før lauvet fell vert klorofyllet i lauvet brote ned og viktige næringsstoff blir lagra i planta. Attende i blada blir dei øvrige fotosyntese-pigmenta som karotenoider og desse gir lauvtrea karakteristiske haustfargar.

Somme stoveplanter som normalt er eviggrøne, kan reagere med lauvfall dersom andingstapet overstig fotosyntesevinsten (i kombinasjonen stovevarme og svakt dagslys). Eit velkjent eksempel er bjørkefiken.

Sjå òg endre