Lavangen kommune

kommune i Troms fylke i Noreg
For fjorden kommunen er kalla opp etter, sjå Lavangsfjorden i Lavangen.

68°44′30″N 17°48′00″E / 68.74167°N 17.80000°E / 68.74167; 17.80000

Lavangen kommune
Loabága suohkan
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Tennevoll
Areal 301,63 km²
 - land 296,85 km²
 - vatn 4,78 km²
Folketal 986  (1. januar 2024)
Målform bokmål, nynorsk
Norsk målform nøytral
Samisk språk nordsamisk
Ordførar Hege Beate Rollmoen (Ap)
Kommunenr. 5518
Kart
Lavangen kommune
68°39′28″N 17°35′01″E / 68.657777777778°N 17.583611111111°E / 68.657777777778; 17.583611111111
Wikimedia Commons: Lavangen
Nettstad: www.lavangen.kommune.no

Lavangen (nordsamisk Loabák[1][2]) er ein kommune i indre Troms fylke. Han grensar mot kommunane Salangen i nord, Bardu i aust, Gratangen i sør, og mot Ibestad over Astafjorden i vest.

Henrikafossen i Spansdalen.

Kommunen har den einaste kommunale sameskolen i Troms.

Historie endre

Lavangen kommune vart oppretta 1. januar 1907, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart kommunen innlemma i Salangen kommune, men 1. januar 1977 vart kommunen skild ut att som eigen kommune. Området Lavangsnes, som tidlegare hadde vore del av Lavangen kommune, vart då verande i Salangen kommune.

I 1999 blei Lavangen kåra til landet sitt femte beste kommune å bu i av Norsk Familieøkonomi.

Folketalsutvikling endre

Frå Lavangen vart gjenoppretta som eigen kommune i 1977 og fram til 2002, var han den nest minste kommunen i Troms etter folketal, berre større enn Bjarkøy kommune. I 2002 vart også Berg kommune mindre enn Lavangen, fordi nedgangen i folketal gjekk raskare der.

Folketalsutvikling for Lavangen kommune frå 1910:

1910[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
1536a 1541a 1657a 1824a 1780a 1698a 1280 1145 1031 1012
a Talet omfattar Lavangsnes, som var del av Lavangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, men vart igjen i Salangen kommune då Lavangen vart skild ut att som eigen kommune i 1977.

Folk endre

Fotnotar endre

  1. https://kartverket.no/kart/stedsnavn/stadnamn-og-rettskriving/
  2. Fastsetting av samisk navn på Lavangen kommune, Troms. Vitja 8. september 2018.
  3. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Folkemengd i Lavangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.