Sjamora (russisk Шамора) er eit kinesisk og tradisjonelt russisk namn på Lazurnajabukta (russisk Бухта Лазурная), som er ein del av Ussuribukta i Japanhavet. Det kinesiske namnet tyder «sandete ørken» og viser til sandstrendene i bukta som har trekt til seg ferierande frå Vladivostok og andre byar i Russiske Fjernausten. Fleire kvileheimar og sanatorium ligg langs kysten. Området innanfor kysten er åslendt og skogkledd.

Stranda ved Sjamora i høgsesongen.

Shamora er òg namnet på ei samleplate av bandet Mumij Troll frå Vladivostok.