Le Mans har fleire tydingar.

Le Mans
Byvåpenet til Le Mans
Byvåpenet til Le Mans
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Pays-de-la-Loire
Sarthe
Geografi
Flatevidd 52,81 km²
Flatevidd
 - By

52,81 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

146 105
  1 275/km²
293 159
Koordinatar 48°0′18″N 0°11′52″E / 48.00500°N 0.19778°E / 48.00500; 0.19778
Høgd over havet 51 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 72181/ 72000
Telefon-retningsnummer (0)243
Heimeside: Offisiell nettstad

Le Mans er ein by i Frankrike ved breidda av elva Sarthe. Han var lenge hovudstad i provinsen Maine, og er i dag prefecture (hovudstad) i departementet Sarthe. Innbyggjarane i byen vert kalla Manceaux og Mancelles. Le Mans har om lag 150 000 innbyggjarar, medan storbyområdet har nær 300 000 innbyggjarar.

Historie endre

Byen vart først nemnd av Ptolemaios som den romerske byen Vindinium og hovudstad for aulerci, ei stamme under Aedui. Le Mans vart òg kalla Civitas Cenomanorum (Byen av Cenomani). Byen låg då i den romerske provinsen Gallia Lugdunensis. Ein kan framleis sjå eit amfiteater frå 200-talet i byen.

Gregorius av Tours nemner den frankiske underkongen Rigomer, som vart drepen av Clovis under felttoget hans for å samle dei frankiske områda.

Som den største byen i provinsen Maine var det fleire kampar i Le Mans på 1000-talet mellom hertugane i Anjou og hertugane i Normandie. Då normannarane hadde kontroll over Maine, kunne Vilhelm Erobraren invadere England, men i 1069 gjorde innbyggjarane opprør og forviste normannarane. Etter dette vart Hugo V hertug av Maine.

Under den andre verdskrigen vart Le Mans frigjeve 8. august 1944 av amerikanske styrkar under Operasjon Overlord.

Sport endre

Byen er er kanskje best kjend for motorsport. To forskjellige racerbanar ligg i Le Mans. Den minste heiter Circuit Bugatti du Mans, og er ein relativt kort bane som vert brukt årer rundt. Den lengre og meir vidkjende Circuit de la Sarthe består delvis av offentleg vegar, som vert stengd for vanleg trafikk under løp, og som har vore åstad for det vidkjende billøpet 24 heures du Mans sidan 1923.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Le Mans