Leadenhall Market

Leadenhall Market er ei overbygd marknadsgate i City of London. Ho ligg eit par kvartal aust for Bank undergrunnsstasjon med inngang frå Leadenhall Street og Gracechurch Street.

Leadenhall Market

ArkitektHorace Jones
Kart
Leadenhall Market
51°30′46″N 0°05′01″W / 51.5127°N 0.0835°W / 51.5127; -0.0835

Leadenhall Market ligg på gamal historisk grunn; her låg rådhuset i romarane sitt Londinium. Etter at romarane trekte seg ut av Britannia fall denne delen av byen tilbake til jordbruksland. I mellomalderen blei det bygd ein herregard på staden; denne hadde tak dekt med blyplater og blei kalla Leaden Hall. På 1300-talet oppstod ein marknad for matvarer, tekstilar og jernvarer på garden. Marknadden fekk etter kvart fjørfe og ost som sine spesialitetar, og seinare også fisk, kjøtt og korn. I 1408 festa borgarmeisteren i byen, Dick Whittington, eigedommen Leaden Hall. Hovudbygningen blei øydelagd i brann i 1484, og i 1666 gjekk heile marknaden med i den store bybrannen.

Leadenhall Market tidleg på 1800-talet.

Etter brannen fortsette marknaden å eksistere i skiftande bygningar fram til 1881, då dagens bygning blei innvia. Den overdådige støypejernskonstruksjonen er teikna av sir Horace Jones, som også er ansvarleg for marknadane ved Smithfield og Billingsgate.

Bygningen gjekk gjennom ein totalrenovering i 1991, og har fått tilbake sitt originale, fargeglade interiør. I dei seinare åra er Leadenhall blitt invadert av motebutikkar, men ein einsleg slaktar og ein fiskehandlar held stadig stand.

Kjelder endre

51°30′46.12″N 0°05′00.67″W / 51.5128111°N 0.0835194°W / 51.5128111; -0.0835194