Ledava er den største elva i Goričko, nordaust i Slovenia og den største sideelva til Mura i Slovenia. Ho er 68 km lang, men med mindre sideelva vert ho 76 km. Ho spring ut i Austerrike som Lendva Bach og renn først søraustover. Ho renn inn i Slovenia nær Kugla, den høgaste fjelltoppen i Prekmurje (418 moh) og renn så sørover som Ledava. I denne dele av elva dannar ho den eingaste kløfta i Goričko. Ved landsbyen Ropoča renn ho ut i den kunstige Ledavasjøen som har eit variert fugleliv, mange augestikkarar og den best bevarte oter bestanden i Slovenia. Ledava er det einaste utsiget frå innsjøen.

Ledava
elv
Land  Austerrike,  Slovenia
Lengd 68 km
Kjelde Austerrike
Munning Mura
Kart
Ledava
46°53′46″N 15°56′11″E / 46.896168°N 15.936282°E / 46.896168; 15.936282
Wikimedia Commons: Ledava

Den nedre delen av elva renn gjennom Murska Sobota og Lendava. Ho har fleire sideelva i denne delen, hovudsakleg frå venstre, og den største av dei er Velika Krka. Til slutt munnar ho ut i elva Mura.

Kjelder endre