Ledincisjøen (serbisk Ledinačko jezero, Лединачко језеро) er ein liten kunstig innsjø i fjellet Fruška Gora, nær Novi Sad, i regionen Srem i Serbia.

Ledincisjøen
innsjø
Land  Serbia
Innsjøtype kunstig
Utløp ingen
Høgd over havet 290 moh.
Lengd 0,400 km
Breidd 0,100 km
Areal 0,04 km²
Middeldjupn 15 m
Koordinatar 45°9′55″N 19°48′14″E / 45.16528°N 19.80389°E / 45.16528; 19.80389
Kart
Ledincisjøen
45°09′56″N 19°48′16″E / 45.16543895°N 19.804523030556°E / 45.16543895; 19.804523030556
Wikimedia Commons: Lake Ledinci

Innsjøen vart skapt under NATO-bombinga av Jugoslavia i 1999, då forlatne pumper ved steinbrotet Srebro vart øydelagd og vatnet fylte seg opp. Innsjøen har ikkje noko utsig og veks stadig. I dag er djupna 50 meter og det er venta at han vil verte ein trugsel for landsbyen Stari Ledinci. Det er lagt fram planar om å lage fleire kanalar som vill føre vatnet ut til fleire andre kunstige innsjøar i Fruška Gora.

Innsjøen har eit areal på 4 hektar og er omgjeven av bratte klipper, bortsett frå ei slak side. Innsjøen er om lag 400 meter lang og opp mot 100 meter på det breiaste. Middeldjupna er 15 meter. Han ligg om lag 300 meter over havet og inneheld grønt og klårt vatn, på grunn av konstant tilførsel av vatn.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre