Leidang (norrønt leiðangr, leidang/leding, leding, (dansk), ledung (svensk), expeditio (latin) og leidang eller lething (på engelsk), var ei ordning for å få frie bønder til å utrusta og bemanna skip.

Leidangen, var eit system for å organisera ein kystflåte med tanke på forsvar. Flåten kunne og verta brukt meir offensivt, i handelsspørsmål, plyndring og krigar. På 1000-talet var leidangen på sitt mest suksessrike. Delar av den norske og danske leidangen hærtok landområde vest i England.

Ordninga var typisk for dei skandinaviske vikingane. Leidangen vart trass i dette etablert meir enn hundre år før starten av vikingtida.

Leidangsplikt endre

Alle frie menn (bønder) hadde plikt til å delta i eller bidra til utrustinga av leidangen. Heile leidangen vart mobilisert når framande skip truga landet. Om somrane kunne det vera ekspedisjonar på to til tre månader. I ekspedisjonar utanlands deltok berre delar av leidangen. Desse reisene gav ofte rikt bytte, og hovdingane var med for å få ære og ta del i rikdomen.

Landet var delt inn etter skipreider (norrønt «skipreiða»). Bøndene i ei skipreide måtte byggja og utrusta eit seglskip med årer. Storleiken på skipet var definert som eit visst tal på årer. I starten var dette talet på om lag 40 årer, seinare vart det auka. Våpna på skipet var typisk bogar, spyd, sverd, og økser. Til å verja seg med hadde mennene skjold.

I Noreg var det 270 slike skipreider i 1277, i Danmark to til tre gonger så mange. Leiaren for ei skipreide vart kalla «styrmann» (norr. «styrimaðr»). Han fungerte som kaptein for skipet. Den minste eininga var dei bøndene som skulle utrusta ein roar (norr. «manngerð»).

På 1000-talet er jarlar nemnd som hovdingar i leidangen. På 1100-talet vart biskopane sjef for leidangsflåten.

Seinare utvikling endre

I alle dei tre skandinaviske landa utvikla leidang seg til ein skatt, som skulle betalast av alle frie bønder. Skatten vart halden i hevd heilt fram til 1800-talet. Prestestanden og adelen var unnateke frå denne skattabøra. Slik kom skatten til å leggja til rette for at adelen og kyrkja tok over jord. Til slutt vart staten (kongen) meir og meir avhengig av adelen for å kunna mobilisera krigsmakt.

Kjelder endre