Leidenfrost-effekt

Leidenfrosts fenomen er eit fenomen der ein vassdråpe som dryp ned på ei særs heit metallplate vil halde seg i lang tid som ei kule. Forklaringa er at det mellom dråpen og metallet blir danna eit damplag som hindrar at dråpen breier seg utover, og at varme vert overført til han. Fell temperaturen til plata, minkar trykket i damplaget til det ikkje ber dråpen, og dråpen kjem då i kontakt med plata og kokar brått og eksplosjonsarta. Visse formar for dampkjeleeksplosjonar har ein meint kan ha hatt liknande årsak.

Eit videoklipp som syner Leidenfrost-effekten.

Leidenfrosteffekten kan òg forklare kvifor det er mogleg å stikke henda raskt ned i flytande nitrogen (–196 °C) utan å få forfrysingar: I dette tilfellet er det nitrogenet som fordampar og dannar ein isolerande film.

Fenomenet vart først skildra av tyskaren Johann Gottlob Leidenfrost.

Kjelder endre