Leif Haugen (22. september 191726. februar 2001) var ein norsk langrennsløpar, som vart noregsmeister på tremila i 1948. Han var både fødd og døydde på Lillehammer, og representerte Mesnalien Skilag og seinare Lillehammer Skiklub.

Leif Haugen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1917
Bærum kommune
Død

26. februar 2001 (83 år)

Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1948

Aktiv endre

Haugen deltok på alle tre distansane under NM på ski 1946, der han vart nummer seks, sju og ni på 18 km, 30 km og 50 km. Seinare i sesongen kom han på tredjeplassen på femmila i Holmenkollen, eit slags noregsmeisterskap det og, sidan det var berre nordmenn som stilte til start. Arve Ulseth, som vann rennet, slo Haugen med fem-og-eit-halvt minutt.

I 1947 hadde Haugen framgang i langrennsløypa og fekk bronsemedaljen på 30 km og kom på femteplass på 50 km. På femmila i Holmenkollen vart han nummer fire. Under på NM på ski i 1948 gjekk han på 30-kilometeren sitt livs løp i løypene heime på Lillehammer. Med tida 1.42.48 slo han andremann, Olav I. Hagen, med 1 minutt og 44 sekund. Han deltok for Noreg under vinter-OL 1948 i St. Moritz på 50 km. Etter 40 km passerte han på åttande beste tid, men braut få km seinare.

Haugen deltok i 1950 i sine siste NM-renn og vart nummer fire på 18 km og åtte på 30 km.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken. 1957