Leif Midthaug
Leif Gunnar Larssen Midthaug (27. september 1897–15. mars 1957) var ein norsk historikar frå Søndre Land i Oppland.
Leif Midthaug | |
Fødd | 27. september 1897 Søndre Land kommune |
Død |
1957 (59 år) |
Yrke | historikar |
Midthaug var son til ein skogsarbeidar på Fluberg i Søndre Land. Sjølv fekk han seg arbeid i Statsarkivet på Hamar, der han var assistent frå 1917 til han i 1939 vart fullmektig ved institusjonen.
Midthaug var både rådgjevar og medarbeidar til fleire bygdebøker i Oppland og Hedmark, mellom anna for Toten og Furnes. Han skreiv gards- og ættesoge for Valdres og ei mengd artiklar med lokalhistorie som tema.
Midthaug var styremedlem i Opland Historielag, Hedmark Historielag og Hedmark Slektshistorielag.
Kjelder endre
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958