Leinesfjord er administrasjonssenteret i Steigen kommune. Staden ligg på eit nes ved utløpet av Myklebostadelva, mot nord ligg fjordarmen Saursfjorden. Fjordarmen Botnfjorden ligg i sør. På staden finst eit vertshus, helsesenter, Knut Hamsun videregående skole avdeling Steigen, daglegvarebutikkar, kiosk og bensinstasjon. Fylkesveg 835 går gjennom staden og gjev samband med europaveg 6 i Hamarøy kommune. Ca. 1,5 kilometer langs FV835, sør for sentrum, ligg Leinesfjord kapell.

Leinesfjord
stad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Steigen
Areal 0,27 km²
Folketal 251  (2023)
Folketettleik 930 / km²
Kart
Leinesfjord
67°46′29″N 15°00′58″E / 67.7746°N 15.0161°E / 67.7746; 15.0161

Leinesfjord er òg ein tettstad i følgje oversyn over tettstader hos Statistisk sentralbyrå. Staden har 251 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Folketeljinga frå 1865 skildrar sju matrikkelgardar på staden med Myklebostad i gardsnamnet.[1] På eldre kart finn ein bygda her namnsett som Myklebostad.[2]

Tidlegare Leiranger kommune, 1900-1964, femna om området omkring den opne Leinesfjorden og skjergarden utanfor.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Folketellinga 1865 for 1848 Steigen. Sentralen. 1993. s. 54-55. ISBN 8276633609. 
  2. «Gradteigskart K11 Steigen». Kartverket. 1931. 
  3. «Leiranger» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre