For friidrettsøvinga, sjå lengdehopp.

Lengd er avstanden mellom to endepunkt, til dømes punktet frå der eit objekt byrjar til punktet der det sluttar. Lengd uttrykkjer som regel ein lineær romleg dimensjon av eit fysisk objekt. Termen blir ofte brukt om den lengste av dei ortogonale dimensjonane, saman med breidd og høgd.

Fysikk endre

Lengd i fysikk er ein storleik som skildrar utstrekning eller plassering i rommet. Lengd og tid vert rekna som dei fundamentale storleikane som trengst for å skildre det fysiske rommet. I dei aller fleste fysiske einingssystem inngår lengd som ein av grunnstorleikane og måleininga for lengd som ei grunneining. Lengd i vidare forstand er eit fellesomgrep for ei rekkje storleikar, som avstand, veg og utstrekning av ein lekam. I snevrare forstand tyder lengd utstrekninga av ein lekam i ein særskild retning, lengderetninga, som regel den retninga der utstrekninga til lekamen er størst. Alle lengdestorleikar er karakteriserte ved at dei kan målast med ei felles eining, lengdeeininga.

Lengd i vanleg forstand (forflyttingsvektor) har måleeininga meter med symbolet m. Når lengd blir nytta om storleiken av ein generell vektor, er lengdeeininga den til vektoren, t.d. m/s på ein snøggleiksvektor.

Matematikk endre

Lengd blir nytta som alternativ nemning på absoluttverdien av ein vektor. Ein vektor som går mellom to punkt i det tredimensjonale rommet med koordinatane (-1,3,5) og (3,0,4), har vektorkomponentane eller vektorkoordinatane [3-(-1), 0-3, 4-5] = [4,-3,-1]. Vi seier at vektoren uttrykkjer ei forflytting på +4 einingar i x-dimensjonen, -3 einingar i y-dimensjonen og -1 einingar i z-dimensjonen. Lengda på vektoren er:  

Lengda frå A til B av eit stykke av ei plan kurve vert kalla bogelengda frå A til B og er definert som den øvre grensa for summen av lengdene av sidene i ein mangekant.

Viss kurva er gjeven ved ei likning y = f(x), der f er ein funksjon med ein derivert f'(x), så er lengda av kurva mellom to punkt som svarar til verdiane x = a og x = b gjeven ved formelen

 

Bogelengd for kurver i høgare dimensjonar er definert på tilsvarande måte.

Astronomi endre

Lengda til ein himmellekam er bogen av ekliptikken frå vårjamdøgnspunktet og til det punkt som blir skjert av storsirkelen gjennom polane til himmellekamen og ekliptikken, målt mot aust frå 0 til 360°. Lengda vert kalla geosentrisk viss observatøren vert rekna for å stå i sentrum av jorda, og heliosentrisk visst ein vert rekna for å stå i sentrum av sola.

Galaktisk lengd for ein himmellekam er bogen målt austover langs galaktisk ekvator, frå retninga til sentrum av Melkevegen til skjeringspunktet med storsirkelen gjennom himmelekamen og dei galaktiske polane.

Når ein reknar ut banelengda til himmelekamar (planetar, kometar) nyttar ein ein stad i baneellipsen ved den vinkelen apsidelinja dannar med retninga frå sola til himmellekamen.

Geografi endre

Lengd i geografi er vinkelen mellom meridianen til ein stad og ein bestemt utgangsmeridian (som regel nullmeridianen). Dette vert vanlegvis rekna aust- eller vestover til 180°.

Sjå òg endre

Kjelder endre