Leningradskaja oblast
   

Flagg Våpen
Leningrad oblast på kartet over Russland
Hovudstad St. Petersburg
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 39.

85 300 km²
12,8 %

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering:27.

ca. 1 717 000[1] (2010)
ca. 20,1/km²

Føderalt distrikt Severo-zapadnyj (Nordvestlege)
Økonomisk region Severo-zapadnyj (Nordvestlege)
Regionsnummer 47
Offisielt språk Russisk
Guvernør Aleksandr Jurjevitsj Drozdenko
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0300

Leningrad oblast (russisk Ленингра́дская о́бласть; Leningradskaja oblast) er eit oblast vest i Russland. Leningrad oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet omfattar omlandet til byen St. Petersburg, som tidlegare heitte Leningrad, men byen sjølv er ikkje del av oblastet. Namnet Leningrad kjem av Vladimir Lenin. Sjølv om byen skifta namn frå Leningrad til St. Petersburg etter kommunismens fall vart det i ei folkerøysting i Leningrad oblast fleirtal for å behalda namnet Leningrad. Provinsen grensar til Finland og Estland, og har kyst til Austersjøen.

Delar av Leningrad oblast, på Det karelske neset, var del av Finland fram til Vinterkrigen i 1940. Eit lite grenseområde var del av Estland fram til den andre verdskrigen.

Sidan 1987 har Leningrad oblast hatt eit omfattande samarbeid med Nordland fylkeskommune. Sju kommunar i Nordland har inngått samarbeidsavtalar med kommunar i Leningrad oblast. Dette er: Bodø og Viborg, Narvik og Kingisepp, Vefsn og Volkhov, Steigen og Podporozje, Gildeskål og Lodejnoje Pole, Tysfjord og Kirisji, Ballangen og Tosno.

Folkesetnad endre

Dei største byane i Leningrad oblast er Gattsjina (92 940 ibuarar), Viborg (79 960) og Sosnovyj Bor (65 790).[1]

Størsteparten av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

6,7 % oppgav ikkje etnisitet ved folketeljinga. Eit stort tal finnar vart fordrive frå områda som vart overtatt frå Finland etter Vinterkrigen, og finsk-ugriske folkeslag utgjer no berre små minoritetar:

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.