Lennon/McCartney er namnet som ofte vert nytta om kompaniskapet til John Lennon og Paul McCartney og er eit av dei mest kjende og mest suksessrike musikalske samarbeida gjennom tidene. Dei to vart tidlege einige om ein avtale der dei delte krediteringa på alle songane dei hadde medverka på for The Beatles, sjølv på dei songane som dei hadde skrive kvar for seg. Desse songane utgjer det meste av katalogen til The Beatles.

John Lennon og Paul McCartney i 1964

Lennon, med kynisme og ein hang til sjølvgransking, og McCartney, med meir optimistiske historier og eit øyre for melodi, kompletterte kvarandre. Lennon og McCartney danna eit kritikarrost og kommersielt suksessrik kompaniskap med songane dei skreiv for The Beatles og andre artistar.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 'Writing Styles' i «The Lennon-McCartney Songwriting Partnership» bbc.co.uk, 4. november 2005. Vitja 4. oktober 2008