Lenvik kommune

Tidlegare kommune i Troms

Lenvik kommune (nordsamisk Leaŋgáviika suohkan) er ein tidlegare norsk kommune i Troms fylke. Han hadde kyst mot Norskehavet og fjorden Malangen i nord - på hi sida av Malangen låg Tromsø i nord og Balsfjord i nordaust. I søraust grensa Lenvik mot Målselv kommune, i sør mot Sørreisa kommune og i vest mot Tranøy og Berg. Om lag 60 % av arealet til kommunen låg på Senja, medan resten ligg på fastlandet. Administrasjonssenter var Finnsnes. 1. januar 2020 blei Lenvik slått saman med dei tre nabokommuneae Berg, Torsken og Tranøy til Senja kommune.

Lenvik kommune
tidlegare kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Finnsnes
Areal 893 km²
 - land 850 km²
 - vatn 43 km²
Målform nøytral
Ordførar Geir-Inge Sivertsen (H)
Kommunenr. 1931
Kart
Lenvik
69°23′01″N 17°58′03″E / 69.383611111111°N 17.9675°E / 69.383611111111; 17.9675
Wikimedia Commons: Lenvik
Nettstad: www.lenvik.kommune.no
Frå Finnsnes.

Historie endre

Lenvik kommune var ein av dei opphavlege kommunane som vart oppretta med Formannskapslovene i 1837, og var då større enn han er no. I 1848 vart Målselv kommune skilt ut frå Lenvik som eigen kommune og i 1855 skjedde det same med Hillesøy. I 1871 vart eit område med 70 innbyggjarar overført til Malangen kommune. 1. januar 1964 vart den delen av Hillesøy som låg på Senja og øya Hekkingen slått saman med Lenvik att, saman med den delen av Sørreisa kommune som låg på Senja og gardane Hellemo, Paulsrud, Johnsgård og Stormo frå Tranøy kommune. Etter dette hadde Lenvik kommune 8825 innbyggjarar. I 1972 vart eit område med 63 innbyggjarar overført frå Målselv kommune til Lenvik kommune. [1]

Delområde endre

Lenvik kommune er deld inn i følgjande seks delområde (innbyggjartal 2008):

 
Husøy i Lenvik kommune

Tettstader endre

Folk frå Lenvik endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

69°13′52″N 017°59′15″E / 69.23111°N 17.98750°E / 69.23111; 17.98750