Lepraarkiva i Bergen

Lepraarkiva i Bergen er dei første nasjonale sjukdomsregistra i verda, oppretta ved kongeleg resolusjon 30. juli 1856. Lepra (også kalla spedalskheit eller spillsykje) er ein kronisk infeksjonssjukdom som har vore kjend over alt til alle tider. I mellomalderen var han utbreidd over heile Europa.

Innhald endre

Lepraarkiva i Bergen inneheld arkivmateriale frå Overlegen for den spedalske Sygdom, frå ulike institusjonar for leprapasientar, rekneskapar, forskingsmateriale o.l.

Anna endre

28. juni 2001 fekk lepraarkiva plass på UNESCO si liste over verdsminne. Arkiva er òg ein del av Noregs dokumentarv.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff og kjelder endre