Lesulaape

pattedyrart
Lesulaape
Lesulaape
Lesulaape
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Overfamilie: Cercopithecoidea
Familie: Dyreapar Cercopithecidae
Underfamilie: Cercopithecinae
Slekt: Marekatt Cercopithecus
Art: Lesulaape C. lomamiensis
Vitskapleg namn
Cercopithecus lomamiensis

Lesulaapa (Cercopithecus lomamiensis) er ein apeart i gruppa av dyreapar og tilhøyrer marekattslekta. Den lever i Lomami Basin i Kongo. Sjølv om den har vore kjent lokalt, var den ukjent for vitskapen fram til 2007. Oppdaginga vart vitskapleg stadfesta i 2012. Lesulaapa er den andre nye apearten som har blitt oppdaga sidan 1984.[1]

Lesula-lyd

Lesulapa lever i regnskogen i Den demokratiske republikken Kongo. Individet som vart sett i 2007 levde i fangenskap i landsbyen Opala. Sidan har den blitt observert i sitt naturlege leveområde. Ein finn arten mellom elvene Lomami og Tshuapa i den sentrale delen av landet.[2]

Kjelder endre

  1. «Monkey, New To Science, Found In Central Africa». NPR. 13. september 2012. Henta 21. oktober 2012. 
  2. David Braun (September 13, 2012). «New Monkey Discovered in the Congo». National Geographic. Henta September 13, 2012. 

Bibliografi endre

Bakgrunnsstoff endre