Leverettbreen i Antarktis er ein kring 80 km lang og 4 til 6 km brei isbre, som flyt nordover frå Watson Escarpment, mellom California og Stanford Plateau, og så vest-nordvest mellom Tapley Mountains og Harold Byrd Mountains og munnar ut i den inste delen av Rossbarrieren like aust for Scottbreen. Han vart oppdaga i desember 1929 av Byrd og geologgruppa under Laurence Gould, og vart namngjeven av han etter Frank Leverett, ein eminent geolog ved University of Michigan og ein autoritet på glasiologi i det sentrale USA.

Leverettbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 85°38′S 147°35′W / 85.633°S 147.583°W / -85.633; -147.583
Lengd 80 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Leverettbreen
85°38′00″S 147°34′59″W / 85.6333°S 147.583°W / -85.6333; -147.583
Leverettbreen is located in Antarktis
Leverettbreen (Antarktis)

Leverettbreen ligg langs den planlagde ruta gjennom Dei transantarktiske fjella for forsyningsvegen over land mellom McMurdo-basen og Amundsen-Scott-stasjonen.

Sjå òg endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Leverettbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).