Lexus er eit bilmerke som vert produsert av den japanske bilfabrikanten Toyota. Lexus har seld luksusbilar sidan starten i 1989.

Lexus


BransjeBilindustri, skipsbygging[1]
Skipa1989
MorselskapToyota Motor Corporation
HovudkontorNagoya
LandJapan
Produktluxury vehicle, performance car
Grunnleggjar(ar)Eiji Toyoda
Nettstadhttps://discoverlexus.com/ (engelsk)
Grillen på Lexus IS

Ideen bak Lexus kom alt i 1983, då Toyota-sjefen Eiji Toyoda tykte det var på tide å lage ein luksusbil som kunne konkurrere med verdas beste. Svaret kom i det topphemmelege prosjektet F1 (Flagship No. 1). F1 vart seinare kjend som Lexus LS400. Det var Honda si vellykka lansering av luksusmerket Acura som inspirerte Toyota-leiinga. Dei konkluderte med at dersom merket skulle bli ein suksess, måtte dei ha ein separat salskanal.

Året etter fekk Toyota sitt faste reklamebyrå Saatchi & Saatchi i oppgåve å gje namn til det nye bilmerket. Alexis vart nemnd, og etter ei omrokering av bokstavane vart det Lexus.

Lexus i Noreg endre

 
Lexus ES

Lexus vart først ordentleg introdusert i Noreg hausten 1999 med blant anna eigen forhandlar på Skøyen i Oslo. Ved introduksjonen var tilbodet for det norske marknaden IS 200, GS 300 og LS 400. I dag vert Lexus seld gjennom Lexus Oslo.

I august 2007 fekk Lexus separat forhandlaranlegg i Oslo, deretter fylgde Tromsø, Bergen, Stavanger og Trondheim. Dette var ein del av ein offensiv strategi for Europa som hadde som mål å auke talet forhandlarar frå 260 til 330 innan år 2010.

I 2006 vart det seld 137 bilar av merket Lexus i Noreg. Salsmålet for 2007 var 230 bilar, 300 i 2010 og 700 i 2012. [2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre