Libreville er hovudstaden og den største byen i Gabon. I 2023 hadde han 870 000 innbyggjarar, ein tredel av innbyggjarane i Gabon.[1] Byen er ein hamneby ved Gabonestuaret, nær Guineabukta. Han er handelssentrum for eit tømmerområde.

Libreville
by
Land  Gabon
Folketal 797 003 (2012)
Kart
Libreville
0°23′24″N 9°27′16″E / 0.3901°N 9.4544°E / 0.3901; 9.4544
Wikimedia Commons: Libreville

Historie endre

Området var folkesett av mpongwéfolk lenge før Frankrike la landet under seg. Den franske admiralen Louis Edouard Bouët-Willaumez forhandla fram ein handels- og verneavtale med den lokale mpongwéherskaren Antchoué Komé Rapontcombo i 1839.[2]

Amerikanske misjonærar frå New England grunnla ein misjon i Baraka i Gabon, på staden som no er Libreville, i 1842. I 1846 blei det brasilianske slaveskipet «L'Elizia», med ei last slavar frå Kongo, teke over av den franske marinen nær Loango under Afrika-blokaden. Femtito av dei frigjorte slavane blei busette i Libreville (fransk for 'Fri by') in 1849.[3]

Byen var den viktigaste hamna i Fransk Ekvatorial-Afrika frå 1934 til 1946. Her stod slaget om Gabon i november 1940 mellom franske styrkar frå det kollaboristiske Vichy-regimet og frie franske styrkar under general Charles de Gaulle. Då Gabon vart sjølvstendig i 1960 hadde byen berre 31 000 ibuarar, men har vokse raskt. Ved folketeljinga i 2013 hadde han 703 904 innbyggjarar.[4]

Kjelder endre

  1. «Libreville». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  2. «Gabon». The Lion King Magazine. Juli–september 2017. s. 26. Henta 12 October 2022. 
  3. Britannica, Libreville, britannica.com, USA, vitja 30. juni 2019
  4. «GeoHive – Gabon». 22. oktober 2015. Arkivert frå originalen 6 September 2011. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Libreville