Lido er ein 18 km lang sandbanke i Veneziabukta. Øya har om lag 20 000 innbyggjarar og mange turistar (hovudsakleg italienarar) kjem her om sommaren. Venzia filmfestival finn stad på Lido kvar september.

Lido og Venezialagunen.
Terminalen Lido vaporetto, sett frå lagunen.

Øya har tre busetnadar. Sjølve Lido ligg i nord og her finn ein Grand Hotel de Bains, Venezia Casino og Grand Hotel Excelsior. Malamocco, ligg i midten og var lenge den einaste busetnaden. Ein gong budde dogen av Venezia her. Alberoni ligg sør på øyane og her ligg Fort San Nicolo og ein golfbane.

Sida av øya som vender ut mot Adriahavet består hovudsakleg av ei sandstrand der det stort sett ligg rekke på rekke med turisthotell. Av hotell her finn ein Excelsior og Des Bains, scener for handlinga i Thomas Mann sin roman Døden i Venedig. Desse strendene er private, men på nord- og sørenden av øya er det to enorme, offentlege strender.

Hjarte av øya er Gran Viale Santa Maria Elisabetta, ei 700 meter lang og brei gate som går frå eine til andre sida av lagunen. Her ligg det hotell, butikkar og restaurantar. Ved sida som vender mot lagunen finn ein båtar som går til Venezia og fastlandet.

I 1202, ved byrjinga av det fjerde krosstoget, vart ho nytta som leir med telt til tusenvis av krossfararar, som vart blokkert her av venetianarane då dei ikkje kunne betale for dei venetianske skipa dei trong for transport.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

45°23′N 12°21′E / 45.383°N 12.350°E / 45.383; 12.350