Lielupe (tysk Kurländische Aa eller Kurische Aa) er ei elv i Latvia. Elva er 119 km lang (310 km medrekna Mēmele) og har eit nedslagsfelt på 17 600 km².

Lielupe
elv
Lielupe ved Jumpravmuižas
Land  Latvia
Nedslagsfelt 17 600 km²
Lengd 119 km
Middelvassføring 106 /s
Kjelde Mēmele og Mūsa
 - høgd 10,8 moh.
Munning Rigabukta
 - høgd moh.
Kart
Lielupe
56°24′09″N 24°09′22″E / 56.4025°N 24.1562°E / 56.4025; 24.1562
Wikimedia Commons: Lielupe

Lielupe byrjar der dei to elvane Mēmele og Mūsa renn saman. I dei nedre delane av ho renn ho parallelt med kysten av Rigabukta. Ho passerer byen Jūrmala og renn nesten 30 km langs kysten av bukta før ho til slutt munnar ut her. Ei grein av elva renn ut i Daugava. Om lag 50-55 % av vatnet i elva kjem frå snøsmelting.

Lielupe er framkommeleg for båtar i om lag 100 km. Av byar langs elva finn ein Bauska, Mežotne, Jelgava, Riga og Jūrmala.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre