Lietava, Lietauka eller Letauka er ei lita elv i Litauen som ein meiner kan ha gjeve namn til landet.[1] Ho er 11 km lang og ei av sideelvane til Neris, som ho renn ut i om lag 30 km frå Kernavė, som kan ha vore den første hovudstaden i Storfyrstedømet Litauen. Ho renn gjennom eit myrlendt område og det har ikkje vorte oppdaga viktige arkeologiske funn ved breidda.[2] Dei fleste språkforskarar er einige om at Litauen (Lietuva) og namnet på elva i det minste er i slekt og kanskje kjem frå det litauiske verbet lieti (å renne over).[3] Sidan mange namn i indoeuropeiske språk kjem frå hydronym leita forskarane etter ei vassmasse med liknande namn. Kazys Kuzavinis identifiserte Lietauka som ein mogeleg kandidat og hypotesen vart raskt populær.[3] Det opphavleg namnet på Lietauka må ha vore Lietava, som vart slavifisert av dei gammaltruande som vart kasta ut av Det russiske riket og som slo seg ned ved breidda av elva.

Lietauka
elv
Lietava
Land  Litauen
Lengd 11 km
Kjelde Nær Upninkai
Munning Neris
Kart
Lietava
55°01′29″N 24°27′30″E / 55.024722222222°N 24.458333333333°E / 55.024722222222; 24.458333333333
Wikimedia Commons: Lietava

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «Lithuania's name». Seimas. Henta 24. januar 2007. 
  2. Tomas Baranauskas (2002). «Prie Lietuvos vardo ištakų». Voruta 4 (502). Henta 1. januar 2007. 
  3. 3,0 3,1 Simas Sužiedėlis, red. (1978). Lietuva III. Boston, Massachusetts: Juozas Kapočius. s. 336–337. 74-114275.