Liguria er ein region på nordvestkysten av Italia og det tredje minste av dei tjue regionane i landet. Hovudstaden er Genova.

Liguria
region
Flagg
Land  Italia
Hovudstad Genova
Areal 5 422,0 km²
Folketal 1 550 640 (2019)
Kart
Liguria
44°27′00″N 8°46′00″E / 44.45°N 8.7666666666667°E / 44.45; 8.7666666666667
Wikimedia Commons: Liguria

Geografi endre

Liguria grensar til Frankrike i vest, Piemonte i nord og Emilia-Romagna og Toscana i aust. Det ligg ved Liguriahavet (eit nordleg havområde i Middelhavet). Kyststripa dannar Den italienske rivieraen og lenger inne i landet ligg Dei liguriske Alpane i vest og Dei liguriske Appenninane i aust. Trass i at regionen er tett folkesett består halvparten av arealet av skogområde. Den liguriske kysten har eit typisk middelhavsklima, i motsetnad til det delvis kontinentale klimaet i Podalen i nord. I januar har Genova ein normaltemperatur kring 8–10 °C, utan frost som oftast berre oppstår i fjellområda. Om sommaren ligg temperaturen omkring 25–30 °C.

Det kan stundom kome mykje regn og fjella som ligg nær kysten dannar ein orografisk effekt, slik at Genova kan få opp mot 2000 mm i året. Normale nedbørsmengder rundt Middelhavet er rundt 500–800 mm.

 
Provinsar i Liguria.

Liguria er delt inn i fire provinsar:

Historie endre

Liguria er eit svært gamalt namn som går tilbake til førromersk tid. Ligurarane slo seg i antikken ned ved middelhavskysten frå Rhônedalen til Arnodalen, men seinare vart folket blanda med galliske innvandrarar og den gallisk-liguriske kulturen. Regionen vart offisielt underlagt og kolonisert av Den romerske republikken på 100-talet fvt.. I mellomalderen fekk Genova stadig meir kontroll over Liguria, som deler det meste av historia si med byen. Bortsett frå eit par periodar på 1400- og tidleg på 1500-talet då området var under anten Hertugdømet Milano eller Frankrike, styrte Republikken Genova området fram til 1796, då Napoleon Bonaparte omorganiserte området til Den liguriske republikken. Republikken vart kortvarig og vart annektert av Frankrike i 1805. Etter napoleonskrigane enda i 1815 vart området annektert av Kongedømet Sardinia.

 
Verdshandelssenteret i Genova.

Demografi endre

Under den store økonomiske krisa i 1980- og 1990-åra flytta 200 000 innbyggjarar frå Liguria, men etter at dei økonomiske tilhøva betra seg seint på 1990-talet flytta mange tilbake.

Byar i Liguria med meir enn 50 000 innbyggjarar:

Kommune Innbyggjarar (2006 est.)
Genova 620 316
La Spezia 94 263
Savona 61 766
Sanremo 57 120

Bilete endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Liguria
  Reiseguide for Liguria frå Wikivoyage