Liguster
Liguster
Liguster
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Oliventrefamilien Oleaceae
Slekt: Ligustrum
Art: Liguster L. vulgare
Vitskapleg namn
Ligustrum vulgare

Liguster (Ligustrum vulgare) er ein busk i oliventrefamilien. Han vert opp mot 2 meter høg. Busken toler godt beiting og nedskjering. Det har ført til at han har vorte brukt til hageplante. Ein finn gamle hagar med ligusterhekkar.

I Noreg er arten heimleg ytst i Oslofjorden, men finst òg forvilla som framandart noko nordover på Austlandet og vestover langs kysten til Kristiansand og spreidd vidare til Sogn.[1] Elles er det nokre veksestader i Sverige. I Danmark er han ikkje funnen. Han er vanleg i Vest- og Mellom-Europa, og i det nordlege middelhavsområdet.

I Noreg er han ein strandplante som lagar tett kratt i vill tilstand. Får han bløme fritt får han gulkvite små blomar som sit i store klasar. Blomane kan minne om syrin, som er i same familie. Frukta er svarte glinsande bær som er giftige, tilliks med resten av planta.

Dei svarte bæra har vore brukte til å lage blekk av.

Sortar endre

  • 'Atros' - Dafo® (var. italicum), vintergrøn.
  • 'Atrovirens' - (syn. Ligustrum vulgare virens) vintergrønn. (var. italicum)
  • 'Atrovirens Compact'
  • 'Atrovirens Select' - forbetra 'Atrovirens'.
  • 'Auriflorum' (syn. Ligustrum vulgare lutescens)
  • 'Buxifolium' – lågtveksande, ovale blad som ikkje blir meir enn 2,5 cm lange.
  • 'Cheyenne' – Nord-Amerikansk, kuldetolerant sort. Vintergrøn.
  • 'Chlorocarpum' - grønne bær.
  • 'Compacta'
  • 'Dänemark'
  • 'Evers' – vintergrøn, noko lengre enn 'Atrovirens'.
  • 'Glaucum'
  • 'Golden Drops'
  • 'Gracila'
  • 'Insulense' – lange, smale blad 5-11 cm lange og 1-2.5 cm breie.
  • 'Leucocarpum' – grønkvite bær.
  • 'Liga' - Dafo® (var. italicum) vintergrøn.
  • 'Listrum' - Dafo®, ein vindtolande, lauvfellande sort.
  • 'Lodense' – (syn. Ligustrum vulgare nanum)(syn. Ligustrum vulgare lutescens) tett, dvergveksande. Sortnamnet er danna av engelsk low og dense = låg og tett.
  • 'Maslö' -
  • 'Pendulum'
  • 'Pyramidale' – opprett med greiner parallelle med stammen (fastigate)
  • 'Xanthocarpum' – gule bær.

Kjelder endre

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1165. 

  • C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
  • Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970
  • Knut Langeland: Hagens vakreste busker og trær - løvfellende, Oslo 1994. ISBN 82-516-1511-9

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Liguster