Lille Bekkarfjorden

fjord i Alta kommune

Lille Bekkarfjorden (samisk Boazovuotna) er ein fjord på øya Seiland i Alta kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 1 km nordvestover til botn av fjorden.

Fjorden har innløp ved Lille Bekkarfjordnes som ligg på sørsida. Det er ingen busetnader ved fjorden. Lille Bekkarfjorden er 66 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.

70°21′40.482″N 23°25′4.9620″E / 70.36124500°N 23.418045000°E / 70.36124500; 23.418045000