Lille Lungegårdsvannet

Lille Lungegårdsvannet, som mellom bergensfolk har namnet Smålungeren, er eit åttekanta vatn midt i sentrum av Bergen by. Lille Lungegårdsvann er 700 meter i omkrins, og var opphavleg ei bukt som var knytt til Store Lungegårdsvannet med eit seglbart sund. Namna Strømgaten og Kaigaten på gatene attmed vatnet minnar framleis om tida då det var båttrafikk og kaier her. Sundet vart fylt att allereie i 1926, men det går ein underjordisk kanal til Store Lungegårdsvannet der det tidlegare sundet gjekk. Difor er det råd å spore ein viss skilnad mellom flo og fjøre i vatnet. Vatnet er såleis ikkje ein kunstig innsjø, slik det kan gje inntrykk av å vere i dag ved å ha ein så regelmessig form.

Lille Lungegårdsvannet om sommaren
Om vinteren er fontena bytt ut med eit juletre

Ny fontene endre

 
Fontena om natta

23. juni 2004 opna byrådsleiar Monica Mæland den nye fontena. Fontena er større enn den gamle og har 21 dyser og 36 lyskastarar som skal lyse opp vassdansen om kvelden. Den gamle fontena vart øydelagd av elde i 2003.