Lillehammer SK

(Omdirigert frå Lillehammer Skiklub)

Lillehammer Skiklub er eit norsk idrettslag på Lillehammer i Innlandet. Laget, som vart stifta i 1883, er eit av dei eldste laga i Noreg som driv skiidrett. Laget driv einast med skiidrett, og er i dag, i fylgje klubben si eiga nettside, det største reine skilaget i Noreg. Laget har grupper for både langrenn, hopp, kombinert og alpint.

Lillehammer Skiklub arrangerte i 1909 den første noregsmeisterskapen på ski, og er den klubben som har arrangert flest NM-arrangement. Laget skipar elles årleg til fleire skitevlingar. Til OL på Lillehammer i 1994 stilte klubben med over 500 frivillige funksjonærar. Lillehammer skiklub har saman med Rena Idrettslag vore arrangør av Birkebeinerrennet sidan starten i 1932. Klubben er medeigar i hoppanlegget Balbergbakken, saman med Faaberg Idrettslag.

Lillehammer Skiklub vann herrestafetten under NM i 1982. Mellom dei mest kjende skiløparane som har representerte laget finn ein Lars Høgvold, Arne Rustadstuen, Simon Slåttvik, Oddmund Jensen, Anders Bakken, Per Knut Aaland og Jon Inge Kjørum.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre