Limmattal

(Omdirigert frå Limmatdalen)

Limmatdalen eller Limmattal er ein dal og ein region i kantonen Zürich og Aargau i Sveits.

Limmatdalen sett frå Uetliberg-tårnet.

Limmat er den 35 km lange elva som renn gjennom dalen og ligg i Zürich og Aargau. Limmat er eit framhald av elva Linth, og vert kalla Limmat etter at ho renn ut av Zürichsjøen, i byen Zürich. Elva munnar ut i Aare. Samløpet skjer nordaust for byen Brugg, like etter munningen til Reuss og like før Aare sjølv munnar ut i Rhinen. Samløpet til dei tre elvane Aare, Reuss og Limmat vert kalla Wasserschloss.

Den økonomiske Region Limmatal består av distrikta Dietikon og Baden, byane og kommunane Zürich, Oberengstringen, Unterengstringen, Schlieren, Weiningen, Urdorf, Dietikon, Bergdietikon, Geroldswil, Oetwil, Spreitenbach, Würenlos, Killwangen, Neuenhof, Wettingen, Baden, Ennetbaden, Obersiggenthal, Untersiggenthal og Turgi.

Limmattal er tett folkesett og har ein god infrastruktur.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

47°30′N 8°15′E / 47.500°N 8.250°E / 47.500; 8.250