Limosa

fugleslekt
Limosa
Svarthalespove, Limosa limosa Foto: Andreas Trepte
Svarthalespove, Limosa limosa
Foto: Andreas Trepte
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Limosa
Brisson, 1760

Limosa er ei biologisk slekt av fire spovar, med lange, svakt oppeikande nebb og lange bein. Dette er sterkt trekkjande vadefuglar i snipefamilien som dannar store flokkar på kysten og i elvemunningar om vinteren.

Dei kan skiljast frå Numenius-spovar som har kraftig nedkurva nebb, og frå bekkasinsniper som har korte bein. Vinterdraktene er ganske fargelause, men tre artar har raudleg underside i hekketida. Hoene er vesentleg større enn hannane.

Dei lange, diskret oppeikande nebba deira tillèt dei å sondere djupt i sanden etter vasslevande makk og blautdyr. Limosa-spovane vitjar hyppig tidevassona i strandlinja, hekkar i nord om sommaren og migrere sørover om vinteren. I vinterkvartera flokkar dei saman der maten er rikeleg. Ein hofugl av lappspove innehar rekorden for lengste registrerte flyging utan stopp.

Artslista endre

Limosa-spovane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fuglar. [2]

Kjelder endre

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff endre