Dr. Linda B. Buck (fødd 29. januar 1947) er ein amerikansk biolog. Ho vart tildelt Nobelprisen i medisin for 2004 saman med Richard Axel for studiane sine av luktreseptorar.

Linda B. Buck

Fødd29. januar 1947
Seattle
NasjonalitetUSA
Områdebiologi, nevrovitskap
Yrkebiolog, hjerneforskar, universitetslærar, lege
InstitusjonarHarvard Medical School
University of Washington
Fred Hutchinson Cancer Research Center
Alma materColumbia University
University of Washington
University of Texas Southwestern Medical Center
Roosevelt High School
EktefelleRoger Brent
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Association for the Advancement of Science
Royal Society

Buck og Axel skreiv først om det banebrytande arbeidet sitt, som opna vegen for å analysera luktemekanismanegenetisk og molekylært nivå, i 1991. Dei påviste at luktreseptorar høyrde til var G-proteinkobla reseptorar. Ved å analysera rotte-DNA slo dei fast at det finst rundt tusen ulike genar for luktreseporar i genomet til pattedyra.

Linda Buck vart fødd i Seattle i den amerikanske delstaten Washington. Ho tok bachelorgrad i psykologi og mikrobiologi i 1975 ved universitetet i byen, og tok doktorgrad i mikrobiologi ved University of Texas i Dallas i 198. Deretter arbeidde ho for Richard Axel ved Columbia University i New York. Ho arbeider no ved Fred Hutchinson Cancer Research Center med tilknyting til University of Washington og Howard Hughes Medical Institute.

Hovudinteressa til Buck er korleis nasen oppfattar lukter og feromonar, og korleis hjernen tolkar dei. Ho ser òg på mekanismane bak aldring gjennom å studera puberteten til mus og livsløpet til nematoden Caenorhabditis elegans.

Bakgrunnsstoff endre