Lindesnes kommune

tidlegare kommune i-Agder

Lindesnes er ein kystkommune i Agder fylke. Kommunen grensar til Lyngdal i vest, Evje og Hornnes i nord og Vennesla og Kristiansand i aust. Kommunen har ei kystline på vel 90 km. Sjølve Lindesnes ytst på Lindesneshalvøya er det sørlegaste punktet på fastlandsnoreg (57°58'46"N).

Lindesnes kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Agder
Adm.senter Mandal
Areal 934,32 km²
 - land 889,73 km²
 - vatn 44,59 km²
Folketal 23 690  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Even Sagebakken (Ap)
Kommunenr. 4205
Kart
Lindesnes
58°06′15″N 7°17′20″E / 58.104166666667°N 7.2888888888889°E / 58.104166666667; 7.2888888888889
Wikimedia Commons: Lindesnes
Nettstad: www.lindesnes.kommune.no

Historikk endre

Då dei tidlegare kommunane Spangereid, Vigmostad og Sør-Audnedal blei slått saman i 1964 valde dei namnet Lindesnes på den nye kommunen. Den 1. januar 2020 vart Mandal, Marnardal og Lindenes slege saman, og heldt på kommunenamnet Lindesnes.

Landskapet endre

 
Lindesnes fyr
Foto: Philip Gabrielsen

Langs kysten austover mot tidlegare Mandal kommune er det ein fin skjergard med friluftsområde av nasjonal verdi og fleire freda fuglereservat. Den meteorologiske stasjonen ved Lindesnes fyr har den høgaste årsmiddeltemperaturen i Noreg.

Landskapet i kommunen er småkupert, og stig frå havnivå til rundt 350 m.o.h. i nord. Berggrunnen er stort sett samansett av granitt og granittiske gneisar, og lausmasse-avsetjingane er hovudsakleg konsentrerte til elvedalane. Plantelivet i dei lågare delane av Lindesnes har varmekjære treslag, medan bjørk og furu dominerer høgare oppe.

Kommunen har eit hovuddalføre, Audnedalen, som strekker seg frå sør mot nord. Her renn elva Audna som var det første fullkalka vassdrag i Noreg. Takket vere kalkinga er det nå etablert ein ny og livsfrisk lakse- og sjøaurestamme i elva.

Tettstader endre

Verdt å vitja endre

Folk frå Lindesnes endre

Bakgrunnsstoff endre

58°5′3.7″N 7°18′5.8″E / 58.084361°N 7.301611°E / 58.084361; 7.301611