Lineærakselerator

Ein lineærakselerator er ein type partikkelakselerator som vert nytta til å akselerere elektron, proton og tyngre ion. Stundom nyttar ein ordet som eit fellesomgrep for alle akseleratorar der partikkelrørsla er rettlinja. Vanlegvis reknar ein ikkje med elektrostatiske akseleratorar, men berre dei typane der partiklane blir akselererte i eit høgfrekvent elektrisk felt.

Australian Synchrotron nyttar radiobølgjer frå ei rekkje RF-holrom ved staten av akseleratoren, for å akselerere elektronstrålen til energiar på 100 MeV.

Gustav Ising utarbeida prinsippa for lineærakseleratoren i 1924[1], medan Rolf Widerøe bygde det første operasjonelle apparatet i 1928.[2]

  1. Gustav Ising (1924). «Prinzip einer Methode zur Herstellung von Kanalstrahlen hoher Voltzahl». Arkiv för matematik, astronomi och fysik 18 (30): 1–4. 
  2. Wideröe, R. (17 Dec 1928). «Über ein neues Prinzip zur Herstellung hoher Spannungen». Archiv für Elektrotechnik 21 (4): 387–406. doi:10.1007/BF01656341.