Nicoline «Line» Christine Luplau (22. april 182310. september 1891) var ein dansk kvinnesaksforkjempar.

Line Luplau

Fødenamn Nicoline Christine Monrad
Statsborgarskap Danmark
Fødd 22. april 1823
Mern
Død

10. september 1891 (68 år)
Frederiksberg

Yrke kvinnesaksforkjemper
Line Luplau på Commons

Luplau var gift med Daniel Carl Erhard Luplau. Han var instituttstyrar[1] i Hillerød då dei gifta seg, men blei seinare ordinert til prest og arbeidde i Sønderjylland. Då Danmark blei slege i den dansk-tyske krigen i 1864, flytta familien til Varde, der Line Luplau blei medstiftar av ei filantropisk hjelpeforeining for fattige.[2]

Kvinnesaksengasjement endre

Engasjementet til Luplau for kvinnesaka blei opphavleg vekka av «Clara Raphael-feiden». Dette var kallenamnet på ein heftig debatt i det danske samfunnet etter at Mathilde Fibiger hadde gjeve ut debutromanen Clara Raphael ved juletider 1850. I romanen tok Fibiger opp banebrytande tankar om frigjeringa til kvinner og om det avgrensande moglegheitene til kvinner for utdanning, utvikling og sjølvstende.[3]

Dansk Kvindesamfund (DK) endre

Luplau blei ikkje aktivt med i kvinnesaksarbeid før i ein alder av 49 år, da ho i 1872 blei medlem av Dansk Kvindesamfund (DK). Etter kvart meinte Luplau at DK tok opp saker som ikkje var relevante for foreininga. Den kvinnepolitiske hjartesaka hennar var røysterett for kvinner og valbarheit. I 1888 leverte ho ei liste med 1702 kvinnenamn frå heimstaden, til støtte for Fredrik Bajer sitt forsøk i Rigsdagen på å vinne gehør for kommunalvalrett til kvinner. Forslaget til Bajer blei nedstemt.

Kvindelig Fremskridtsforening (KF) endre

Kvindelig Fremskridtsforening (KF) blei skipa i 1885, fekk foreininga støtte frå Luplau. I 1886 sat ho ei tid i styret, under leiing av Matilde Bajer.[2] Same år flytta Lupin og mannen til København etter at han blei alderspensjonist. Ho var ein av arrangørane da KF arrangerte det fyrste nordiske kvinnesaksmøtet i København i 1888. Røysterett for kvinner var eit av hovudtemaa på møtet, og Line Luplau og Johanne Meyer introduserte temaet. Tonen i innlegg og argumentasjon var meir radikal enn tidlegare. Luplau meinte at representasjonen av kvinner i Rigsdagen var avgjerande for å sikre ei lovgjeving i favør av kvinner, og at røysterett var eit rettferdig likestillingskrav.[2]

Foreininga gav ut bladet Hvad vi vil,[4] og Luplau gjekk inn i redaksjonen.[2] KF hadde fleire mål, foreininga skulle engasjere seg i kvinnesaka («Kvindens Ligeberettigelse med Manden»), fredssaka («Krigs Forebyggelse ved Voldgift») og arbeidarsaka («Lige Ret og Adgang for alle til Samfundets Goder»).[5]

Kvindevalgretsforeningen (KVF) endre

Luplau ønskte ei foreining som i endå større grad enn KF konsentrerte seg om røysterett for kvinner og valbarheit, og i 1889 skipa ho Kvindevalgretsforeningen (KVF) i lag med Louise Nørlund. KF hadde berre tatt opp kvinner som medlemmar. Dette ønskte Nørlund og Luplau å endre på. Dei ville føre røysterettskampen med både menn og kvinner som medlemmar.[2]

Våren 1891 måtte Luplau trekkje seg frå leiinga i KVF på grunn av helseproblem. Ho døydde same haust. Ho hadde meint at KVF var ein betre modell for kvinnekampen enn organisasjonar som spreidde seg på fleire saker. Leiarane i DK og KF såg ikkje slik på saka, så Luplau blei ikkje populær blant dei då KVF blei stifta, og éin kvinnepolitisk sak, røysteretten, blei skilt frå andre saker.[2]

Ettermæle endre

 
Marie Luplau: Fra kvindevalgretskampens første dage (1891–1897)

Luplau rekna seg som politikar, men var ikkje opptatt av om ho blei omtalt som Venstrekvinne eller sosialdemokrat. Det viktige for henne var at ho ikkje blei kalla Høgre-sympatisør.[2]

Dottera til Luplau, målaren Marie Luplau, meinte at mora ikkje hadde fått det politiske ettermælet ho hadde fortent, spesielt frå Dansk Kvindesamfund (DK). I perioden 1891–1897 måla ho det store gruppebiletet som kom til å bli hennar mest kjende måleri: Fra Kvindevalgretskampens første dage, som viste mora som ein dominerande skikkelse i sentrum av bilete og fleire attkjennbare personar i gruppa rundt. Etter grunnlovsendringa i 1915 som gav kvinner røysterett blei biletet hengt opp i Folketinget i 1917.[6]

Kjelder endre

  1. Eller lærar.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Vammen, Tinne (22. april 2023). «Line Luplau, kvindesagsforkæmper | lex.dk». Dansk Kvindebiografisk Leksikon (på dansk). Henta 4. mars 2024. 
  3. Bricka, Carl Frederik. «143 (Dansk biografisk Lexikon / V. Bind. Faaborg - Gersdorff)». runeberg.org (på dansk). Henta 4. mars 2024. 
  4. «Tidsskriftprojekt - Søgning». www.kvinfo.dk. 4. mars 2024. Henta 4. mars 2024. 
  5. «HVAD VI VIL». Kvindelig Fremskridtsforening. 14. juli 1888. Henta 4. mars 2024.  PDF av den aller første forsida til organet
  6. Sass, Else Kai (18. juli 2011). «Marie Luplau | lex.dk». Dansk Biografisk Leksikon (på dansk). Henta 4. mars 2024.