Linn Irene Meister, kjend som Linni Meister (fødd 4. desember 1985 i Bærum) er ein norsk glamourmodell og songar. Meister har norsk-tysk far og srilankisk mor. Ho er oppvaksen på Slependen i Bærum, og er no busett i Oslo.[1]

Linni Meister
Fødd4. desember 1985
FødestadBærum i Akershus i Noreg
FødenamnLinn Irene Meister
AliasLinni Meister
OpphavNoreg
InstrumentVokal
Verka somModell og songar
FarErnst Olsen Meister

Ho vart fyrst kjend som glamourmodell i det no nedlagde Team Aylar. I 2007 deltok ho i RobinsonekspedisjonenTV3, og har sidan då vorte mykje omtalt i underhaldningspressa.

Fjernsyn endre

I 2008 og 2009 hadde ho faste innslag i TV 2 sitt ungdomsprogram Waschera. Her var konseptet at Meister skulle testa ulike typar yrke. I eitt av innslaga lærde Meister bort stripping, noko som fekk både fjernsynssjåarane og tilsette i TV 2 til å reagera. I 2007 deltok ho i Robinsonekspedisjonen på TV3 og kom på fjerdeplass. Dessutan har ho sitt eige fjernsynsprogram som heiter Linni, på TV 2 Bliss.

Musikkarrière endre

Meister starta tidleg med song, og song i kor frå ho var sju år gammal. Den profesjonelle musikkkarrieren starta sommaren 2007 då ho spela inn ein coverlåt av Destiny's Childs «Survivor» i samband med at ho skulle vere med i Robinsonekspedisjonen. Låten vart utgjeve på C+C Records, og fekk dårleg mottaking av pressa, mellom anna terningkast éin i VG. Året etter gav Meister ut singelen «Where my limo at», ein ironisk song om livet i rampelyset. I mai 2009 gav ho ut popsingelen «My Ass» som kom inn på iTunes Music Stores liste over dei hundre mest selde songane i Noreg. Melodien vart lansert i samband med lanseringa av filmen Død snø i utlandet. Ho har òg sunge inn ein russelåt, produsert av geniAL. Låta var for russebussen Cheezy.

Anna endre

Ho er òg kjend for å angiveleg ha vorte fråstolen private videoklipp med intime scener med sin tidlegare svenske kjæraste Kristian Hilberg på ferietur i 2006. Videoen vart deretter lasta opp på ulike pornografiske nettstader. Paret prøvde sidan å inngå eit samarbeid med pornofilmprodusenten Thomas «Rocco» Hansen for å kunna tena pengar på den stolne filmen, då skaden likevel hadde hendt. Paret trekte seg etter kort tid frå avtalen. Filmprosjektet vart avslutta og aldri lansert. Heile situasjonen førte òg til at Meister vart sparka frå Team Aylar.

Jula 2008 fekk Meister merksemd i samband med ei FHM-framside der lesarane kunne skrapa bort bikinioverdelen hennar. Ho har tidlegare arbeidt som sex-spaltist i same bladet.

Sommaren 2010 gifta ho seg med Bernhard Berntzen i Las Vegas, men giftarmålet vart aldri gyldig fordi dei ikkje kom seg til eit tinghus i Noreg. I januar 2011 tok forholdet slutt. Saman har dei sonen Dennis Michael Meister.[2]

Diskografi endre

Singlar

Filmografi endre

  • 2007: Kodenavn - Hunter
  • 2011: Tomme Tønner 2 - Det Brune Gullet

Referansar endre

  1. Linni Meister
  2. Vi var egentlig aldri gift, arkivert frå originalen 5. april 2011, henta 3. april 2011 

Kjelder endre