Linsa i auga
transparent struktur i auget
Linsa (lens crystallina) er ein glasklår, bikonveks lekam i auga som i lag med hornhinna bidreg til å bryte og fokusere lys over på netthinna. Gjennom å endre form kan ho justere brennvidda i auga og tilpasse fokus på objekt med varierande avstand. Dette gir eit klårt og reelt bilete av objektet på netthinna. Denne linsejusteringa blir kalla akkommodasjon. Linsa hos menneske har i naturlege omgjevnadar ei brytingsevne på om lag 18 dioptriar, eller éin tredel av den totale brytingsevna til auga. Linsa er flatare på framsida enn på baksida.
Sjå òg endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Lens (anatomy)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. november 2016.